Endelig sammen igjen- Mia Gundersen og Espen Hana

Billetter

Om arrangementet

Det blir ein musikalsk festaftan av ein kveld når to travarar innanfor underhaldningsbransjen møtast på scenen igjen!

Her får du møte Mia og Espen rundt eit flygel, der dei kastar små og store skråblikk på livet både før og nå. 

Det blir latter og tårar i tett parløp. Men mest av alt blir det både musikalsk og ikkje minst LØYE, så de seie i Stavanger.

Mia treng knappast nokon presentasjon, ho er heile Norges Mia, med ein CV dei fleste bare kan drøyme om. Alt frå musikalar til Grand Prix til Norske talenter. Espen er fast tilsett skodespelar på Rogaland Teater og han er også ein glimrande pianist og songar. Han har tidlegare gjort show med Jan Eggum, Pia Tjelta, Karoline Kruger og Britt Synnøve Johansen, og sjølvsagt Mia.

Mia og Espen har kjent kvarandre i mange år.  Dei er begge frå Stavanger og har jobba saman på Rogaland teater i fleire år. Der har dei spelt både ektepar og Evita og Che saman, og laga Evert Taube Cabaret på stavangersk.
Etter mange i på kvar sin kant av landet, har dei endeleg funne saman igjen på scenen.