Kino sommaren 2021

Lurer du på kor kinoprogrammet vårt er blitt av? Det gjer me også.

Det vil seie, me veit at me ikkje har noko på kinoprogrammet nett nå. I skrivande stund, måndag 14. juni, kan me heller ikkje seia noko om når kinoen opnar igjen. 

Kjipt. Me veit det. Her er forklaringa:

  • Me skal få nye sete i kinoen vår! Hurra!
  • Me har fått nokon til å komme og hente det gamle. Hurra!
  • Me har bestilt nye sete og folk til å montere det. Hurra!
  • Dei som skal montere det kjem frå eit anna land .. og dei kjem for tida ikkje inn i landet.

Kjipt.

Men alt kan skje over natta, så me må bare vera klare for demontering og nymontering så fort ting løyser seg på grensene.

D e r f o r  kan me ikkje nå seia akkurat kva tid salen er klar og kinoen opnar igjen. Men tru oss - du får høyre det med ein gong me veit noko meir.

Dei gode nyheitene er at bowlingen skal vera open i sommar, nokre dagar fast, nokre dagar for bestilling. Bowling: opnigstider og bestilling. 

Publisert
14. juni 2021
Skrevet av
Toyni Tobekk