Bli med på påskeQUIZ

Påsken 2021 blir litt annleis enn me såg for oss. Hjå oss har biblioteket og kafeen ope somme av dagane, medan kinoen og bowlingen må halda stengt. 

Det me kan gjera, trygt og godt - heile påsken - er å ha digital quiz! Suldal Bad, Ryfylkebiblioteket Suldal, Brunsj kafé og Kulturhuset i Suldal har laga to quizar som du kan kosa deg med i påsken.

Quizane ligg ute heile påsken, og me trekker 4 vinnarar i kvar kategori tysdag 6. april. Premiane kan du lesa meir om under bilda.

NB! Barnequizen:Hugs å oppgi fornamnet til barnet og namn eller kontaktinfo til ein føresett til slutt i kvissen, slik at me får kontakta vinnarane. Denne infoen blir sletta umiddelbart etter trekning.

Trykk på bilda for å komma til quizane våre:

Premiar barn:

- Boksjekk frå biblioteket
- Kinobillett og fyldig godtepose frå kulturhuset
- Symjebriller frå badet
- Pizza (30cm) og slush frå kafeen

Premiar alle:

1. Familiebillett i Suldal Bad
2. Lunsj for 2 personar på Brunsj
3. Boksjekk frå Ryfylkebiblioteket Suldal
4. Kinobillett + fyldig snopepose frå Kulturhuset i Suldal

 

 

Publisert
26. mars 2021
Skrevet av