The Wall

23., 24. og 25. november 2017 (kvar dag kl. 20) blir det nye konsertar med musikk av Pink Floyd iKulturhuset i Suldal. Etter to konsertar i 2015 og 2016 med Dark Side of the Moon og Wish You Were Here, står nå det siste av Pink Floyds tre største album for tur: The Wall.

Dette albumet skil seg ganske tydelig frå dei to andre – ein kan nesten rekna det for ein rockeopera. The Wall er Roger Waters delvis sjølvbiografiske og psykologiske drama om artisten som har oppnådd stor suksess, men som også har isolert seg sjølv frå omverda og menneska rundt han. Første del fortel om livet han har hatt, om ein barndom med eit smertefullt sakn etter faren som blei drepen i andre verdskrigen, om ei overbeskyttande mor, om traumatiserande skulegang, mislukka forhold og dopmisbruk. Dei var alle ”another brick in the wall”, nok ein murstein i veggen han har bygd omkring seg sjølv. I andre del gjer han forsøk på å bryta ut og få kontakt med omverda, men tilsynelatande fåfengt inntil han blir dratt opp påscena av ein doktor som gir han ”beroligande” medisin. Konsertsituasjonen får han til å hallusinera, og brått ser han seg sjølv som ein diktator som held flammande appellar med klare fascistiske trekk. Det verkelige og det drøymde kan ikkje lenger skiljast frå kvarandre, før han bryt ut og tar eit oppgjer med seg sjølv og dei menneska han har stengt utanfor veggen.
 
Mark Laurenson og Birger Helland står for lyd og lys på førestillinga. Det vil bli vist video frå filmen The Wall, og me vil minna om at denne filmen har 18-årsgrense i Norge.
 
Til å framføra musikken har me fått med oss Songarlaget og barnekor i tillegg til det 17-mann store bandet som består av:
 
Jon Torger Hetland Salte – song
Martin Nygård Haug – gitar
Einar Olsen – gitar
Håkon Nielsen – bassgitar
Veerle Tieghem  tangentar
Thomas Kopperstad – trommer
Andreas Nielsen – perkusjon
Birgit Nerheim – song
Olaug Marie Hebnes – song
Kristin Sandvik – song/trombone
Øystein Haga – tverrfløyte
Britt Elin Håranes – kornett
Kristin Bringaker Kleppa – trompet
Solveig Holmestad Bratland – tuba
Xenia Berkova – fiolin
Tove Solheim – fiolin
Benedicte Alstveit Årsland – cello
 
Håkon Nielsen og Martin Nygård Haug er prosjektleiarar og arrangørar for konserten i samarbeid med Kulturhuset i Suldal.

Billettar til The Wall

  1. Tor 23. nov kl 20:00 370 kr   Storsal Les meir Kjøp
  2. Fre 24. nov kl 20:00 370 kr   Storsal Les meir Kjøp
  3. Lau 25. nov kl 20:00 370 kr   Storsal Les meir Utsolgt
Vis hele programmet
_
_
_