Nyttårsfest

Nyttårsfest 27. januar 2018
HUGS Å SIKRA DEG BILLETT!

Billettsalet til Nyttårsfesten går strykande. Mange av dei beste plassane er alt selde. Dersom du har planar om å gå, bør du ikkje venta for lenge før du sikrar deg billett.
Dette er ein fest som så mange som råd bør få med seg. Her vert det skjemt og alvor, musikk og allsong og litt til. Her er litt om det du får oppleva denne kvelden:
• Damene i Osatrall skal syngja kjende songar til oss. Dei har underhalde på festar og tilskipingar i bygda i mange år, og i fleire oppsetjingar har dei vore saman med Gullgutane.
• Tre generasjonar Tveiten byr også på song og musikk. Eldstemann Torkjell spelar hardingfele, sonen Jan Kåre syng, og yngstemann Thomas er ein dyktig countryartist som lagar eigne songar og spelar gitar. Det vert spennande å høyra dei saman på scenen.
• Anna Jorunn Garvik er ei dame som har opplevd mykje. Ho er frå Vanvik og har arbeidd som lærar både i Suldal og Sauda. Bak seg har ho også mange år som misjonær, og på festen vil ho fortelja om nokre av dei fargerike menneska ho har møtt.
• Teatergruppa i Jøsenfjorden er med for første gong. Dei har drive med underhaldning i Jøsenfjorden i mange år. Og sjølv om rasfarlege vegar var tema på festen i fjor, kjem nok Jøsenfjord-gjengen inn på dette også i tillegg til anna løye.
• Suldal ungdomslag si teatergruppe har dagsaktuelle innslag på programmet. Det vert skråblikk både på Vinmonopol og nytt torg på Sand og meir til!
• Frå  Erfjord vil teatergruppa underhalda oss med både song og sketsjar. Dei har sjølvlaga tekstar som dei framfører, og det er ganske stor spennvidde i innslaga deira…
• Teatergruppa frå Jelsa vil ta føre seg debatten om kommunesamanslåing, og etter det me skjønar, er det visst «Vannvittige greier…».
• Belg og boge med forsterkingar frå både Røldal og Årdal og Håkon Nielsen og Thomas Tveiten vil veksla på å spela til dans etter kveldsframsyninga.

Sidan mange ikkje fekk billett til festen i fjor, har me denne gongen to oppsetjingar. Dermed kan du velja om du vil gå laurdag ettermiddag eller på kveldsframsyninga. Prisane er:
Ettermiddag  klokka 15.00 kr 200,-
Kveld  klokka 19.30 kr 250,-
    Kr 400,-  inkl. varmrett og eit stk drikke til
Kulturhuset sel billettane.

Velkommen til ein gild start på 2018!

Helsing oss i Suldal mållag

Billettar til Nyttårsfest

  1. Lau 27. jan kl 15:00 200 kr   Storsal Les meir Kjøp
  2. Lau 27. jan kl 19:30 250 kr   Storsal Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_