Kva finn du her?

I Kulturhuset finn du:
Kino-/konsert- og teatersal - ein moderne sal med plass til 256 personar i amfi som kan utvidast til 300 sitjeplassar. Amfiet er mobilt slik at salen og kan nyttast med flatt golv, då med plass til 450. Dette gjev fleire moglegheiter for bruken av rommet; dans, utstilling, møte og konferansar eller som bankettsal. Salen har moderne lydanlegg med Dolby Digital Surround som vert nytta ved filmframsyningar. Kulturhuset har og moderne lyd- og lysanlegg for ulike sceneaktivitetar.

Scena  i Kulturhuset er bygd etter Riksteateret sine retningsliner.

Bibliotek

Utstillingslokale og møteromet "Allrommet" vert nytta som utstillingslokale og møterom - av og til begge delar samstundes.

 

Møte og konferanserom - Kulturhuset er høveleg til møte og konferansar for 2-256 personar.  På huset er videoprosjektør, AV-materiell inkl. dvd-spelar, lydutstyr, flip-over tilgjengeleg

Foajeen - er ein open møteplass kor folk kan setje seg ned for å lese, nyte ein kaffikopp eller oppleve ein konsert. Dette er eit lokale der aktiviteten skifter frå dag til dag. Målet er å fylle rommet med dei aktivitetane du ønskjer deg der. Kom med forslag!

Kaféen er utan drivar for tida, men det er råd å få seg ein kopp kaffi eller te.

 

Kulturskulen har kontor og mykje av undervisninga si i Kulturhuset

1000-årsplassen - Området bak Kulturhuset er Suldal kommune sin 1000-årsplass. Då tomta til huset vart utgravd, dukka det opp spennande rester av gamal busetnad. Det er ei lita utstilling om desse funna i underetasjen av huset.
I sommarhalvåret fungerer 1000-årsplassen som utekafe og arrangementsplass. I framtida vil området bli vidareutvikla mot meir bruk til konsertar, kino, historiske spel og andre levande kulturuttrykk.

Amfiet i Suldal er bygd i tre og stein og ligg i enden av 1000-årsplassen. Det er Kristian Blystad som har utforma amfiet. Her er det sitjeplass til ca 300, men Amfiet kan også brukast som scene, og då sit publikum på 1000-årsplassen.

Sand Bowling ligg i Kulturhuset sin kjellar. Her kan du spela bowling, biljard og dart, eller sitja i sofakroken og sjå på tv eller spele brettspel.

_
_
_