Kulturskule

Kulturskulen i Suldal har ca 200 elevplassar og har sin base i kulturhuset. Her kan du få opplæring i musikk, drama og biletkunst. For elevar i 1. til 4. klasse har me i tillegg eit tilpassa tilbod gjennom Kulturskuletimen. Her får elevane smakebitar av musikk, drama og biletkunst.

Sjølv om mykje av undervisninga går føre seg på kulturhuset, har me også desentraliserte tilbod på skulane. I tillegg har me to andre hus som me disponerer, Musikksmia og Kunstsmia.

Vil du ha kontakt med oss, finn du oss på kulturhuset.
Du kan også ringja på telefon 52 79 22 86.

_
_
_