Kulturskule

Tilboda våre

Musikk

I musikk gir me opplæring på tangentar, trekkspel, gitar, bassgitar, messinginstrument, fiolin, cello, hardingfele og slagverk. I tillegg kan me gi songopplæring. Opplæringa skjer for det meste individuelt, men me har også musikkgrupper, og me prøver å tilretteleggja for samspel.



Musikkundervisninga er desentralisert, det vil seia at du kan få musikkopplæring i den skulekrinsen du høyrer til dersom det er nok elevar som vel dette.



Opplæring på eit instrument passar best for elevar frå 8 års alder, men me kan ta inn elevar under denne alderen dersom me veit me kan gi eit føremålstenleg tilbod. Me har også vaksne elevar, men barn i grunnskulealder blir prioriterte.

Drama



Drama er for dei som likar å jobba med og i roller. Faget er bygd på to søyler: Teater og rolleleik. Kropp, røyst og ulike hjelpemiddel (dokker, masker, skugge) er kommunikasjonsmidla som blir nytta.

Undervisninga vil vera innom:

  • improvisasjon
  • frå musikk til spel
  • frå bilete til spel
  • frå tekst til spel

Undervisninga går føre seg i grupper, og me kan ta inn elevar frå og med 2. klasse. Me har eigne tilrettelagde lokale for drama på kulturhuset, så all undervisning går føre seg her, men me er sjølvsagt glade om unge utanom Sand også vil vera med.



Biletkunst

Biletkunst er eit tilbod til dei som vil arbeida skapande innanfor ulike materialar og teknikkar.

Undervisninga vil i løpet av eit år vera innom teikning med blyant (kol/penn) og måling og fargelære.

Me tilbyr gruppeundervisning frå 10 års alder. Me kan også gi tilbod til vaksne.

Kulturskuletimen

For elevar i 1. til 4. klasse har me i tillegg eit tilpassa tilbod gjennom Kulturskuletimen. Dette er ei vidareutvikling av prøveprosjektet i år. Her får elevane smakebitar av musikk, drama og biletkunst over åtte veker pr semester. Tilbodet er tenkt som eit første kjennskap til kulturskulen. Etter eitt til to år er det naturleg å byrja på ordinært kulturskuletilbod. Kulturskuletimen er på skulane innanfor SFO-tid.


 

Kulturskule

Kulturskulen i Suldal har ca 200 elevplassar og har sin base i kulturhuset. Her kan du få opplæring i musikk, dans, drama, biletkunst og film. Sjølv om mykje av undervisninga går føre seg på kulturhuset, har me også desentraliserte...

Les mer


 

Vi som jobbar i Kulturskulen

Aud Marit Hauge, kulturskulerektor Håkon Nielsen, inspektør og musikklærar på gitar, tangent, slagverk, messing Veerle Omer Tieghem, distriktsmusikar og musikklærar på piano, Kjetil Ree-Pedersen, distriktsmusikar og musikklærar på...

_
_
_