Syng Elvestraum

Syng Elvestraum er dramatisk og flott spel. Spelet er bygd på faktiske hendingar i Suldal på 1300-talet. Sentralt i historia er striden om lakserettane i Suldalslågen.

Kannikane i Stavanger og klosterbrørne på Halsnøy eigde storparten av eigedomane som grensa mot elva og dei var ikkje viljuge til å dela på sine interesser. Det var mykje ufred og eit av dei eldste skrevne rettsdokumenta her i landet, fortel om korleis leiglendingen Hafr Gudleikson blir prylt opp av klosterbrørne frå Halsnøy. Dette og den påfølgande rettsaka blir dramatisert i dette spelet. Kjærleikshistoria, som er oppdikta, mellom Gudrid og Vigleik går parallelt med kampane mellom bønder, munkar og geistlege.

Syng Elvestraum er basert på eit manus av Johannes Heggland. Regien er ved Brit Lossius og scenografi/design ved Torhild Dahl Enoksen. Musikken er komponert av Goos ten Napel.

I hovudrolla som Gudrid, har me nok ein gong fått tak i ei ekte Suldals-jenta, Elin G. Sandvik, som kjem frå Erfjord. Filip Stav har rolla som kjærasten, Vigleik.

Andreas Kolstad, (ja, han er i slekt med Henki og Lasse) spelar Abbed Jon og Rønnaug Foss Alsvik har den forteljande songrolla, som Lågen.



Syng elvestraum er eit sogespel etter Johannes Heggland. Det blei sett opp for første gong sommaren 2006 med fem nye oppsetjingar sommaren 2008.

 

Syng Elvestraum er dramatisk og flott spel som har engasjert både profesjonelle skodespelarar, musikarar og bygdefolk. Spelet er bygd på faktiske hendingar i Suldal på 1300-talet. Sentralt i historia er striden om lakserettane i Suldalslågen. Kjærleikshistoria mellom Gudrid og Vigleik går parallelt med kampane mellom bønder, munkar og geistlege.

Regien har vore ved Brit Lossius og scenografi/design ved Torhild Dahl Enoksen. Musikken er komponert av Goos ten Napel. I hovudrolla som Gudrid var Suldal si eiga Birgit Nerheim, medan Eirik Fauske hadde rolla som kjærasten, Vigleik. I andre roller var Bjørn André Widvey, Øystein Elle og Andreas Kolstad. Rønnaug Foss Alsvik hadde den forteljande songrolla, som Lågen.

_
_
_