Kulturkommunen Suldal

Suldal har lange kulturtradisjonar og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Kommunen har lenge sett klokskapen i å satse på kultur. Rolla som tilretteleggjar og samspelar har vore bevisst.

  • Hausten 2002 opna me eit nytt og flott kulturhus, kommunen har stor og flott idrettshall og ute i grendene har me ei rekkje flotte nærmiljøanlegg og samfunnshus som har fått kommunal støtte.
  • Kommunen har rundt 200 lag og organisasjonar og gode tilskotsordningar.
  • Over 50 prosent av skulelevane nyttar tilboda i kulturskulen.

Kommunen har og store ambisjonar med å satse på kultur og næring. Fleire prosjekt er under utvikling for å gjera kulturtilbodet betre og få fram nye kulturarrangement, byggje nokre fyrtårn og freiste å finne eit spissprosjekt.

Verkemiddel her: Kulturhuset, Amfiet i Suldal opna sommaren 2006 forma av bilethoggaren Kristian Blystad, Kunstnarprosjekt Suldal som vart starta i 2004, utvikling av eit eige historisk spel for Suldal, Syng Elvestraum, framført første gong i 2006, utvikling av konsertar i Hylen Kraftstasjon, utvikling av eit stadsutviklingsprosjekt.I tillegg har Suldal vore sterkt involvert i samarbeidsprosjekt med Stavanger Kulturhovedstad 2008. Mellom anna var den internasjonale fredsleiren for ungdom lagd til Suldal.



Kulturmidlar - Søknadsfrist er 01. mars kvart år. Det vert annonsert i Suldalsposten. Du kan få søknadsskjema på  Kulturhuset eller i Informasjonssentralen i Kommunehuset.

Spelemidlar - Frist for søknader til kommunen er midten av september (sjå annonse i Suldalsposten). Frist til fylket er 15. januar. Alle søknader skal gå via kulturadministrasjonen. Du får nærare informasjon om alle typar kulturmidlar ved å vende deg til kulturkonsulenten, tlf 52 79 22 92.

Kulturadministrasjonen samarbeider med andre om fleire kulturprosjekt:



Kulturhaust i Ryfylke – Suldal samarbeider med 6 nabokommunar - Hjelmeland, Finnøy, Forsand, Rennesøy, Strand og Sauda for å betre kulturtilbodet, turnesamarbeid, styrkje Ryfylkekulturen, ide-og ressursutvikling mm.

Hylen Kraftstasjon – i samarbeid med Statkraft blir det arrangert ulike konsertar i den unike konsertarenaen inne i fjellet. Mellom anna har ”Johannespasjonen” av J.S.Bach blitt framført fleire gonger. Musikalsk leiar for dette var Goos ten Napel.

Ryfylkedagane - er eit årleg arrangement første helga i juni. Arrangementet er eit samarbeid mellom Suldal kommune v/kulturkontoret, Suldal Handel- og Industriforening v/Sandsgruppa, Ryfylkemuseet og Suldal vekst. Handel og kultur for heile familien står i sentrum under arrangementet.

www.suldal-turistkontor.no



Kulturadministrasjon
Kultursjef Aud Marit Hauge tlf: 52 79 22 68
Inger Cammilla tlf: 52 79 22 92

http://www.suldal.net/artikkel.aspx?AId=950&tid=38&back=1&mid1=701

_
_
_