Distriktsmusikarane

Distriktsmusikarane i Ryfylke
er ei gruppe profesjonelle musikarar som starta opp for meir enn 25 år sidan i Suldal. Dei er tilsett i Suldal kommune og tar imot oppdrag frå lag og organisasjonar som er heimehøyrande i kommunen. Ensemblet held og konsertar og spelar kammermusikk rundt om i Ryfylke og regionen elles ilag med andre musikarar. Alle er lærarar på sine instrument og samarbeider med elevane og dei andre lærarane på ulike prosjekt i kulturskulen.

Xenia Berkova
kjem frå Slovakia. Ho har studert fiolin ved Konservatoriet og Høgskolen i Bratislava og ved Høgskolen i Stavanger. Xenia har spela i Bratislava Chamber Soloists, Slovak Filharmoni Orchestra, Stavanger Symfoniorkester, barokk ensemblet Musica Eterna, Harald Hårfagre kammerorkester og MUNOR-ensemblet. Ho har og spela på meisterklassar for bl.a. Alexander Arenkov, Evgenia Chugajeva, Frantisek Novothny, Zakhar Bron, Christian Altenburger og Evgeni Grach.

Kjetil Ree-Pedersen
frå Sandnes har studert cello ved Norges Musikkhøyskole i Oslo, Sibelius Akademiet i Helsinki og Sweelinck konservatoriet i Amsterdam. Kjetil har spela i Stavanger Symfoniorkester, Nordnorsk Kammerorkester, Kristiansand Kammer- og Symfoniorkester og Norsk Barokkorkester i Noreg og var Landsdelsmusikar i Finnmark. I Nederland spela han i Nederlandsk Ballettorkester og var solocellist i Amsterdam Symphony, Continuo Rotterdam og kammerorkestra Musica Ducis og Terra Reno. Han har spela på meisterklassar for Janos Starker, Truls Mørk, Anner Bijlsma, Mats Rondin, Steven Isserlis, Christophe Coin, Frans Helmerson og Wolfgang Boetcher.

Veerle Omer Tieghem
 kjem frå Belgia. Ho studerte piano med Johan Duijck ved Royal Conservatory of Ghent. Som medlem av Chiarina Trio har ho reist rundt i heile Europa og konkurrert på høgt nivå. I tillegg har ho vore å høyra på nederlandsk radio, spelt på den belgiske ambassaden i Roma, på ESTA-kongressen i Brugge og på mange andre konsertar i Belgia og Nederland. Ho har og studert akkordeon og trekkspel.



Distriktsmusikarane tar og i mot oppdrag frå lag og organisasjonar som er heimehøyrande i Ryfylke. Dette er eit gratis tilbod. Ta kontakt seinast 10 dagar før.

Kulturhuset i Suldal

Løhaugen 1
4230 Sand
tlf 52 79 22 82

e-post til:

veerle.omer.tieghem@suldal.kommune.no

kjetil.ree-pedersen@suldal.kommune.no

xenia.berkova@suldal.kommune.no

_
_
_