Amfiet

Ute-amfiet ligg på Suldal kommune sin 1000-års plass.
Kunstnar og bilethoggar Kristian Blystad fekk oppdraget om å utforma eit praktisk og eit estetisk vakkert utforma amfi.

Byggeperioden tok eit par månader og juli 2006 sto amfiet ferdig – akkurat i tide til premieren på det historiske spelet ”Syng Elvestraum”.

Amfiet har om lag 300 sitjeplassar og har rom  for både store og små kulturelle opplevingar

Byggematerialet er tre og kalkstein. Arbeidet vart utført av BG Suldal og Wiresaging AS.

Konserter

Med Amfiet i Suldal har Kulturhuset fått ein ny og annleis scene for konsertar og framsyningar av ymse slag. Me gler oss stort til å ta i bruk Amfiet til store og små arrangement.

 

 

_
_
_